English Deutsch

Velkomen til Balestrand

Utforsk området!

Klikk gjerne på bildene for større format

Sognefjord

 

 

Utforsk området med leigebil

Utforsk området med leigebil

Transport: bil

Den beste måten å utforske området er med bil.

Du kan leige bil i Balestrand hjå Balholm Bilutleige.

 

www.leigebil.no

Utsikten på Gaularfjellet

Utsikten på Gaularfjellet

Transport: båt og buss

37 km frå Balestrand sentrum, på 703 meter over havet, ligg Utsikten på Gaularfjellet. Her kan du nyte synet av heile det mektige landskapsrommet med eit skikkeleg sug i magen. Balestrand Tour tilbyr òg guida turar til Utsikten.


Gaularfjellet er Nasjonal Turistveg.

Fjordcruise med besøk på bremuseum og breen

Fjordcruise med besøk på bremuseum og breen

Transport: båt og buss

Fjærlandsfjorden: den einaste fjorden i verda som lar deg oppleva både fjord- og brelandskap.
Den smale og vakre Fjærlandsfjorden er omkransa av bratte, skogkledde lier, og strekkjer seg heilt inn mot den majestetiske Jostedalsbreen. Fjordvatnet her har ofte ein nydeleg, lysegrøn farge pga. breelvane som renn ut i fjorden. I Fjærland, innst i fjorden, ligg Norsk Bremuseum og Den norske bokbyen. Herifrå er det kort veg til Supphellebreen og Bøyabreen, som begge høyrer til Jostedalsbreen.
Båt frå Balestrand, og buss ventar i Fjærland.
Ein kan òg komme til Fjærland med bil.

Info hjå sognefjord.no. Meir info og billettar her.

Fritjof den Frøkne på Vangsnes

Fridtjof den Frøkne på Vangsnes

Transport: båt og buss

På Vangsnes, rett over fjorden frå Balestrand, står statuen av Fridtjof Den Frøkne.
Statuen er 10,5 meter høg, og står på ein 12 meter høg sokkel, gjeven som gåve av Keisar Wilhelm II som avduka statuen 31. juli 1913. Den er bygd i Berlin, og sett saman og reist på Vangsnes. Keisaren gav òg statuen av Kong Bele, som står i Balestrand.
Les meir om den fantastiske historia her.

Hopperstad Stavkyrkje i Vik

Hopperstad Stavkyrkje i Vik

Transport: båt og buss

Hopperstad Stavkyrkje ligg i Vik, rett over fjorden for Balestrand. Kyrkja er frå ca 1130, og står i dag ganske uendra sidan 1600-talet. Fortidsminneforeininga kjøpte kyrkja i 1880 for 600 kroner, og vart restaurert i åra 1885-1891. Ein kan ta båten tur/retur, eller køyre 31 km ein veg + ferje ca 20 minutt. Eventuelt leige bil.
Les meir om stavkyrkjer i Sogn her!

Guida turar til Keipen i Balestrand, 1417 m.o.h.

Guida turar til Keipen i Balestrand, 1417 m.o.h.

Guida tur til fots

Turen går fra fjorden til høgfjellet, og gjev eit spektakulært utsyn over Sognefjorden med fjordarmane Vetlefjorden og Fjærlandsfjorden og dei flotte Fjærlandsfjella.
Opplev ei reise fra fjøre til fjell med botanisk mangfald og den beste utsika i området!

Heimeside

Flåmsbana

Flåmsbana

Flåmsbana

Flåmsbana er ei av dei brattaste og mest spaktakulære togreisa i verda. Toget køyrer frå enden av Aurlandsfjorden, ei sidearm av Sognefjorden, og opp til høgfjellet ved Myrdal stasjon. I løpet av ein liten time tek toget deg fra havnivå ved Sognefjorden i Flåm til høgfjellstasjonen Myrdal på Hardangervidda, 867 meter over havet. Flåmsbana korresponderer med dei fleste tog mellom Bergen og Oslo. Det går båt mellom Balestrand og Flåm. Eller ein kan køyre til Flåm.

www.visitflam.com/se-og-gjore1/aktiviteter/flamsbana

Breheimsenteret i Jostedalen

Breheimsenteret i Jostedalen

Breheimsenteret i Jostedalen

På Breheimsenteret finn du delvis interaktive utstillingar der du kan lære meir om korleis breen fungerar, informasjon om Jostedalsbreen Nasjonalpark, Breheimen Nasjonalpark og om livet i Jostedalen. I utstillingsområdet vert det også vist fram film om Jostedalsbreen.

www.jostedal.com/breheimsenteret

Brevandring på Jostedalsbreen

Brevandring på Jostedalsbreen

Brevandring på Jostedalsbreen

I Jostedalen kan du få oppleve brevandring.
Du må ha bil for å kome til Jostedalen.
Du kan leige bil i Balestrand.


www.bfl.no

Bre og Fjell

Bre og Fjell

Brevandring på Jostedalsbreen

Bre og Fjell arrangerer turar til fjells, både til fots og på ski. Døme på tur: Sognefjordruta - gå på ski frå Sogndal til Balestrand!


www.breogfjell.no/tur/sognefjordruta

ANNONSE

IPPI Butikk på kaia -
kafe, restaurant, suvenirer, gaveartikler
Tlf: 40584884