English Deutsch

Velkomen til Balestrand

Verdt å sjå i Balestrand

Klikk gjerne på bildene for større format

Sognefjord

 

 

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Reiselivsmuseum

Holmen 12

Norsk reiselivsmuseum fortel deg historia om framveksten av norsk reiseliv frå 1800-talet fram til i dag. Kven oppdaga Noreg som eit eventyrleg reisemål? Frå dei fyrste fjellklatrarane, laksefiskarane, kunstnarane - fram til moderne destinasjonar! Det spektakulære nybygget opna våren 2016, det er skore ut i grunnfjellet, noko som er ein attraksjon i seg sjølv. Dette har gjeve spesielle utstillingslokale, med store estetiske kvalitetar. Ein har prøvd å skape ein heilskap mellom arkitektur og utstillingane, der digital utstillingsteknologi i hovudsak er nytta til presentasjonar.
Museet ligg vegg i vegg med Kviknes Hotel. 

Åpningstider:

2. mai - 30. juni, tirsdag-søndag: 10:00-16:00

juli - august - september, alle dagar: 10:00-18:00

1. - 15. oktober, mandag-fredag: 10:00-16:00

I vintersesongen kan me ta imot grupper på førespurnad.

www.reiselivsmuseum.no

Sognefjord Akvarium

Sognefjord Akvarium

Holmen 2

Alt du treng vita om Sognefjorden. Sognefjord Akvarium har eit innvendig areal på 700 m2. Her finn ein 24 ulike akvarium, planktonutstilling, modell av Esefjorden, filmsal og Galleri Munken – 50 tavler med treskurd der fjordhistoria til Balestrand.

www.kringsja.no/akvarium.html

St Olaf's Kyrkje - Den Engelske Kyrkja

St Olaf's Kyrkje - Engelsk-kyrkja

St. Olafs kyrkje i stavkyrkjestil sto ferdig bygd i 1897. Den tilhøyrer Church of England og er underlagt biskopen av Gibraltar - som er overhovud for alle anglikanske kyrkjer på det europeiske fastlandet. Kyrkja vart reist til minne om Margaret Sophie Green Kvikne som kom til Noreg som fjellklatrar. Ho vart gift med Knut Kvikne og såleis deleigar av Kviknes Hotel. Margaret var prestedotter frå England og det vert fortalt at ho aldri fann seg til rette i den norske kyrkja med eit luthersk rituale. Difor var det hennar siste ynskje at det skulle reisast ei engelsk kyrkje. 
Les meir om stavkyrkjer i Sogn!

Statuen av Kong Bele

Statuen av Kong Bele

Den tyske keisaren Wilhelm II sette opp statuen av kong Bele i 1913. Tvers over fjorden på Vangsnes reiste han samstundes den mektige statuen av helten Fritjof som elska Ingebjørg, Bele si vakre dotter. Desse segnfigurane kjende keisaren til frå den svenske diktaren Elias Tegner sitt verk ”Fritjofs Saga”. 

Høyviksalen på Kviknes Hotel

Høyviksalen på Kviknes Hotel

Høyvik-salen er eit verdig livsverk frå ein unik kunsthandverkar. Heile salen er møblert av Ivar Høyvik (1881-1961). Bord, stolar, portalar, speilrammer er alle laga med den same kjærleiken til treskjering og drakestil som gjennom eit langt liv prega arbeidet til Høyvik.
Portalen inn mot salongen er eit av dei siste arbeida Ivar Høyvik gjorde.
Høvik har og laga mange av dei utskjeringane på villaer og fritidshus som særpregar Balestrand. Og her står stolen Keiser Wilhelm satt i då første verdskrigen braut ut, og han fikk eit ultimatum om å forlate landet.  

Det er fleire villaer i Balestrand.

Villaer i Balestrand

Her i Balestrand ligg det fleire kunstnar-villaer, bygd rundt 1900.
Dette biletet er frå Villa Lorna.  

Det Gylne Hus

Det Gylne Hus

Holmen 13

På kaia i Balestrand sentrum, Holmen, ligg Det Gylne Hus. Kunstnarduoen Bjørg og Arthur ynskjer velkomen til ei kunstoppleving med fokus på lys og fargeglede. Galleributikken sel eigne kunstkort/ kunstprodukt med tema natur og Sognaliv. Omvisning i huset på førespurnad. Dette inkluderer "Gylne minne" bygdesamlingar, kunstfilmen "Tankestrøk til tause tonar" og "taksyn" frå glasdomen. Vandringa kan avsluttast med minikurs i akvarellmåling.

www.detgylnehus.no | Youtube-kanal

Galleri Holmen

Galleri Holmen

Holmatunet

Galleri Holmen, i regi av Balestrand Kunstlag, ligg i 2. etasje i Holmatunet.
Facebook

www.kunstbygda.no

Emaljeverkstaden på Dragsvik

Emaljeverkstaden

Lundevegen 27

På Lunde, nær Dragsvik, 9 km frå Balestrand ligg Emaljeverkstaden til Rolf og Solveig Haukaas.  
Her lagar dei anheng, bilder, brosjer, fat, mansjettknappar, skåler, ringar med meir.
Alt dei lagar er i koppar og emalje.
Ope kvar dag frå 10 - 17, stengt laurdag og søndag. Ope etter nærare avtale.
Gratis adgang.
www.enamel.no

Arboretet på Lunde

Arboretet på Lunde

I arboretet på Lunde finn ein i dag rundt 130 ulike artar av tre og busker frå heile verda. Fire ulike tre er målt til å vere dei største i verda på denne breiddegraden. Grunnen er Golfstraumen som fører med seg mild og fuktig havluft. Trea vart planta av sokneprest Sverdrup i 1850-åra. Lunde er prestegarden i Balestrand prestegjeld. Sverdrup var mykje interessert i hagebruk. Han bygde opp ein mønsterhage. Gjennom åra har det og vorte planta mange utanlandske tresortar på Lunde. I dag er den gamle prestehagen arboret.

ANNONSE

IPPI Butikk på kaia -
kafe, restaurant, suvenirer, gaveartikler
Tlf: 40584884